Om oss

 

Smak i Lom er ein lokalmatbutikk der ein kan finne det beste av norsk, småskala produkt; som ost, spekemat, øl, krydder, syltetøy mm. Butikken vår ligg idyllisk til midt i sentrum av nasjonalparklandsbyen Lom. Om sommaren har vi òg matservering. God mat og drikke kan nytast ute på terrassa vår, der Bøvre og Prestfossen brusar forbi, og ein kan sjå rett over på Lom Stavkyrkje. Besøk heimesida vår www.smakilom.no for meir info om butikken!