Jotunmat

Vi på Smak i Lom er stolte av å samarbeide med, og fremme lokale produsentar frå Lom, slik som Jotunmat.

Jotunmat er skipa av Hallvard, Odd Helge og Rolv - tre kompromisslause fjellbønder frå Lom med klokketru på kvalitet i alle ledd av sitt virke som bærarar av århundregamle tradisjonar og leverandørar av store smaksopplevingar.

I fjellbygda Lom har utmarka og høgfjellet til alle tider fødd, lokka og inspirert både folk og fe. Betre beite, reinare næring og betre mosjon er det knapt mogleg å finne for kjøtfe og reinsdyr.

I frysedisken vår har vi kjøt av grasfora høglandsfe, hereford og tamrein. Indrefilet, ytrefilet, kjøtdeig, spekepølse og vår eigen favoritt: Kokekjøt med stor smaksrikdom og høgt næringsinnhald.