Matservering

I tillegg til butikkutsal, har vi i sommarsesongen matservering på Smak i Lom. Menyen er enkel, men vi nyttar kun de beste råvarer, og brukar lokale, småskala produsenter. Vi har nokre få sitteplassar inne, og ei stor terrasse ute med utsikt over Prestfossen og Stavkyrkja. Ellers i året har vi stort sett kaffi og vaffel. Velkomen!

KAFFI OG ANNA DRIKKE

Kaffimeny - Vi har alt frå svart kaffi til cappuccino, kaffe latte, cortado mm. Vi brukar ferskbrent kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri i Sogndal, som kom på 3.plass i Nordic Roaster Competition 2018. Vi har eit utval av økologisk urtete og økologisk svart te frå Aukrust Gard og Urteri. Kakaoen vår blir laga av råsjokolade frå Geiranger Sjokolade. Vi brukar stort sett økologisk heilmjølk frå Rørosmeieriet - men har òg laktosefri mjølk.

Vi har forskjellige flaskeøl frå norske mikrobryggeri, og øl på fat frå Lom Bryggeri. Hanverkscider med forskjellige smaker har vi frå Balholm i Sogn. Vi har eit stort utval av drikkeklar saft, eplejuice, mineralvatn og anna drikke - alt frå småskala produsentar.

 Ølfjøl med fire smakar frå Lom Bryggeri

MAT

Kjøtsuppe frå Mogard Gardsmat i Skjåk - Denne er laga av langtidskokt kjøtkraft, svinekjøt, erter, kålrot, lauk og blir servert med flatbrød frå Mosbøen Gard til. Suppa er glutenfri, og vi har òg glutenfritt flatbrød (av potet).

Rømmegraut frå Mogard Gardsmat i Skjåk - Ekte, heimlaga rømmegraut, servert med sukker og kanel.

Smørbrød - Vi hentar ferskt brød frå Bakeriet i Lom kvar dag, og smør smørbrød med økologisk salat, agurk og tomat frå Aukrust, og ost og spekemat frå butikken vår.

Sætervaffel - Vaflane våre er populære! Vi får ferdig vaffelrøre laga av gode råvarer frå Brimi Sæter, og serverar desse med sæterrømme og syltetøy.

Kuleis - Vi er stolte over å kunne tilby kuleis som er heilt økologisk, frå Alm Gard i Feios. Dei brukar mjølk, fløte, yoghurt og egg frå eigen gard, og frukt/bær frå nærområde. Vi har både fløteis, yoghurtis og sorbet i spennande smakar som tyttebær, molte, lakris, mango og meir tradisjonelle som vanilje, karamell og sjokolade. Is laga av gode råvarer med mykje smak!